Sjokker(and)e! Andrine vart i kveld observert på kinesisk restaurant. Ho har allereie svikta nyleg avdøydde Andrik, og flørtar hemningslaust med Pekinganda. Dei sjokkerande bileta blir overførte til Noreg om kort tid… Oppdatering fylgjer!
Andrine er mistenkt for mord!

Det siste biletet av Andrik og Andrine saman. Berre sekund etter at dette biletet vart teke, fall Andrik frå muren.
Dramatisk nytt frå Kina: Andrik døydde i dag. Omstenda er litt uklåre, men det var truleg Andrine som dytta han utfor den kinesiske muren.
Det vart rapportert at dei hadde svært djupe og alvorlege samtalar på Muren rett før ulukka; og rykta seier at Andrik fortalde Andrine at han var homofil. Andrine er no tiltalt for å ha dytta han utfor.
No er det viktig at vi ikkje dømmer ho for tidleg, og at vi ventar til vi får utfallet av rettssaka før vi gjer noko vidare.
Politiet har avslutta avhøyra for kvelden, og Andrine er no på veg til middag. Det går rykte om at ho er på veg til ein SVÆRT luguber plass, og vi kjem til å fylgje ho tett utover kvelden.
Scanpix har varsla at dei har litt problem med det kinesiske telenettet, men dei ventar å kunne overføre bilete frå Kina i morgon. Redaksjonen kjem attende med meir.

Det nest siste biletet av paret – her framfor den Forbodne byen i Beijing. Det går rykte om at det var her Andrine verva seg til Raudegardistane.
Muren i skodde.

Muren i skodde.
"http://bilder.vgb.no/11026/4col/img_44a35582d01cd.jpg" />
Eit lite landskapsbilete frå eit av tårna på Den
store muren ved Simatai
På muren skal vi!

På muren skal vi! Her er Erik i kledeleg Skalmann-kostyme!
Are you from Norway?
Are you from Norway? Do you know Kristin Krohn Devold? Eg fekk litt hakaslepp av opningsreplikken til dama i butikken. Veldig, veldig søt jente som selde "heilt ekte" Peak Performance-jakker.
Det fyrste pristilbodet var "tre hondre og sjue kroner" (sagt med austkantdialekt). Eg vart svært imponert!
Handling i Beijing er ei utfordring. Til og med enkle ting som vatn og iskrem må prutast ned: det verste vi har vore borte i til no er ei dame som skulle ha 40 kr for ein saftis. Til slutt fekk vi har for 2 kr. Kinesarar er galne!
Elles kan eg melde at Vidar har kjøpt seg fiolin! Nedpruta til 630 kr. Hurra!
Beijing er varmt!
Om lag 35 i skuggen i dag, dei lokale ser plaga ut òg. Fattig trøyst… Då vi kom oss til ambassaden i går møtte vi endeleg Monika. Særs kjekt! Ho er praktikant på den norske ambassaden her, noko som inneber mykje arbeid, bra røynsler og knapt løn…
Monika deler husvære med 3 til, utlendingar dei òg. Der det er hjarterom er det husrom, og Erik og eg vart plasserte på rommet hennar medan ho ligg på stova. Det er no for gali!
I dag driv vi (eller eg…) og renn vekk. Det er rett og slett ikkje godt i ein storby når det nærmar seg 40 grader i sola!!
I dag har vi vandra litt rundt på Den himmelske fredens plass og i Den løynde byen. Utruleg imponerande, men tankevekkjande òg. Bygga har ikkje akkurat bygd seg sjølve… Det same gjeld gigantiske bygg som Folkets store sal og Mao-mausoleet. Lenin blir ei pingle i samanlikning…
No er det snart middag. Eit avgjerande kriterium for val av restaurant er om dei har luftkjøling eller ikkje…
Endeleg i Kina!
14.32 i går kom vi til Beijing. Toget var heile 2 min. forseinka etter ei veke på skjenene frå Moskva!
Så starta utfordringane:
1) få tak i yuan, 2) få tak i drosje og finn Monika på den norske ambassaden! I tillegg burde vi ha notert oss 3) unngå å bli lurt…
Problemet starta allereie ved nr 1. Ein mann berre avfeidde Erik ved minibanken og sende han inn. Då var det min tur å prøve meg, noko som var ei lett absurd oppleving. Ved minibanken stod det to soldatar i full mundur! ‘Nytt land, nye skikkar’ tenkte eg, og såg etter hjelp. Jodå, der kom det ein kar som sa at eg måtte berre gå inn! Eg så gjorde, men fekk ikkje ut pengar! Eg gjekk ut att lett skjelven og bleik, så fekk Erik prøve seg… Det gjekk lenge og lengre enn langt, så kom han ut. Med yuan. Soldatane var der pga påfylling av minibanken! Det klarde (eller prøvde) ingen å kommunisere til meg…
Så var det ut å finne drosje! Det var ikkje så vanskeleg. Det vanskelege var å finne ein sjåfør som skjøna kvar vi skulle! Vi skulle ringje ambassaden for å få dei til å forklare det – akkurat då tok sjølvsagt ingen telefonen, og Monika var på møte. Endeleg kom ei dame med ‘English Olympic Dictionary’ i handa. Inn i bilen og på med taksameteret. Trudde vi. Vel framme på ambassaden trykte ho på ein knapp, og vips: 147 yuan å betale. Der gløymde vi utfordring nr 3…
Hurra! Endeleg i Kina og med mobildekning igjen
Eg vurderer sterkt Chess-abonnementet mitt etter at eg oppdaga at dei ikkje har utvekslingsavtale med Mongolia. Skandale!
Elles, som Erik har rapportert: eg berga etter rideulukka. No har eg endå ein idrottsskade å skilte med. Ikkje nok med at eg har hatt ein handballskade, no òg rideskade… Det oppsiktsvekkjande er at karriérane var om lag like lange – 20 min…
No er vi altså på veg inn i Midtens Rike, som dei kallar seg. I dag har Erik gått gjennom ei bok om Beijing, så no veit vi meir kva vi skal. Eg veit at eg skal iallfall i Den Forbodne Byen, Tiananmen-plassen, kinesisk opera og eta Pekingand!
Etter å ha reklamert for bloggen fekk vi svar frå min gamle bardun Monika Rønning, og no har vi plass å bu i Beijing. Suverent!
Kommunale dusjhus i Ulaanbaatar
Dette blir meir og meir eksotisk… No sit vi i eit dusjhus i utkanten av Ulaanbataar. Dei fleste husa i utkanten av byen har ikkje innlagt vatn, så då må ein på dusjhuset for å bli rein.
Utkantane er ei blanding av hus og telt. Sjølv inne i sjølve byen er det mange telt! Langs gatene er det to-tre blokkar og så fire-fem telt med gjerde rundt. Hovudstaden vart skipa i 1778, og gjekk lenge under namnet «teltbyen». Etter revolusjonen fekk byen namnet Ulaanbaatar («den raude helten») og vart utropt som hovudstad i det «frie» Mongolia – fritt frå Kina, ikkje Sovjet. På 30-talet starta sovjetarane å byggje typiske «kommunistblokkar», som dominerer bybiletet i dag. Og det var dagens geografileksjon!
Alt vel med Vidar!
No både smilar guten att, sjølv om han er skikkeleg stiv og støl. For eit par timar sidan sat han til og med på ein låg krakk!
Rompa, låra og leggane mine er derimot skikkeleg hovne etter kamelriding i går. Ein kamel er utruleg lite ergonomisk utforma, altså…
Hest er best!
