Kinareiser åtvara oss: Å skaffe visum til både Russland, Kina og Mongolia på éi veke er ikkje mogleg. Men når høyrde eigentleg Erik på det øyret?
La av garde til ambassadane, og sanneleg: SÅ vanskeleg var det jo ikkje! Det største sjokket var kanskje då Mongolias konsul hevda at grensene var stengde - ein bør ikkje spøke med småstressa nordmenn utan orden i papira…
Slik ser eit russisk multivisum ut (multivisum vil seie at ein kan krysse grensa så ofte ein vil i perioden visumet gjeld for):

Nokre tips om russiske visum: Du må ha invitasjon frå ein russar, eit russisk firma eller reisebyrå for å få innreise. Eg har svært gode røynsler med Pasvikturist, dei ordnar slike ting svært raskt og enkelt!
Om du ikkje kan levere i Kirkenes, må du bu deg på nokre timar i kø på ambassaden i Oslo. Sjekk at du har med alle papir (og kontantar til visumgebyret!) når du skal levere inn søknaden. Det russiske byråkratiet er stort, slemt og effektivt – ikkje kødd med det!
Har du fyrst fått visum til Russland, er du godt i gang: Mongolia og Kina er langt lettare å ha med å gjere!
Og slik ser det håndskrive visumet frå Mongolias konsulat i Oslo ut. Konsulatet er i praksis sekretæren i eit advokatfirma på Skarpsno. Ho var ein smule overarbeidd, men vi fekk smilt oss til ekspresshandsaming (fekk visum på fem timar!). Mongolias konsulat har gode nettsider: www.mongoliakonsulat.no.

Og til slutt: Visum til Kina! Ambassaden har ei eiga visumavdeling som ligg på Vinderen i Oslo. Eg hamna heldigvis i køen til den blide dama – ho i luka ved sidan av avviste at det gjekk an å få visum på mindre enn éi veke… Kommunistisk byråkrati, altså…

