
Dette er den mest snodige transfer eg har vore med på… Måtte finne på noko å gjere i dei seks timane før flyet går vidare til Moskva, så eg vart med Karl-Ove inn til Riga sentrum.
Hamna på ein homobar som heiter XXL (!) med Tom of Finland-teikningar på veggane (!). Dette var visstnok den minst ille av Rigas to homoplassar, kunne ein lokalkjend fortelje. Det var ikkje veldig imponerande…
Må seie at eg vart litt overraska over "showet" kl 3 på natta: Blanding av gamle russiske filmsongar framførd av transvestittar og småfeite, heilbleike russarar som strippa. Eg trudde ikkje at slike plassar eksisterte, eg… Det var verkeleg Pricilla-stemning… Skummelt!

Til no har eg sove 2 timar siste to dagar. Gler meg veldig til å finne eit hjørne på flyplassen…

