Korleis kutte kostnadar til tur gjennom Russland?

Jo: For det fyrste: Billettar MÅ kjøpast av russisk reisebyrå. Vår fyrste helt heiter Alexander, er svært norskvenleg etter ein tur til Noreg og arbeider i byrået TSI (www.tsi.ru ).

TSI fiksa billettar langt meir fleksibelt, raskare og til ein tredel av prisen ein får i Noreg. Dei fiksa det slik at vi kunne stoppe der vi ville (i staden for Kinareiser som berre sel direktebillettar). Hurra for han!

 

Så til neste helt: Tatiana i HOFA (Homestays in Russia, www.hofa.ru). HOFA organiserer overnatting heime hjå russiske familiar, perfekt om ein vil møte folk og prate!

I tillegg er prisen svært fordelaktig: Ved Baikal-sjøen kostar eit enkelt hotellrom gjerne minst $90, medan vi betaler €50 med HOFA (550 kr vs 390 kr, og langt hyggelegare!) 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende