
Ei sterk oppleving! Då har vi vori i Bolsjoj-teatret! Ikkje i Moskva sant nok, men Novosibirsk! Verdis Aida var verket. I ny tapning, det må seiast. Aktørane var gode russarar, gode tsjetsjenarar og vonde tsjetsjenarar. Ja, og så må vi ikkje gløyme dumsnille russarar som reddar kvinner og born og dimed får sjølvmordsbombarar til løn. Heldigvis berga eit godt orkester og solistar kvelden, om ikkje det politiske innhaldet gjorde det. Vi skal heller ikkje gløyme ei ganske utsvevande sexscene, og vi hadde god underhaldning i den gamle babusjkaen ved sidan av oss som kom med giftige kommentarar heile vegen. Trur eg.
novosibirsk's Arkiv
Aida i tsjetsjensk tapning
Kaffi med noko attåt
Skal det vera litt misjon til morgonkaffien? Det spørsmålet fekk vi i dag av vår nyleg attfødde vert. Eller rettare: det var det spørsmålet Erik fekk då eg var på do. Erik klarde å seie ifrå på ein bestemt og ikkje altfor høfleg måte, slik at vi ikkje vart plaga meir med slikt. Vertskapet forsvann nesten heilt! Han rakk å slengje i oss nokre velsigningar då vi var på veg ut døra. Det vil kan hende vise seg om det gjev han betre kort der oppe. Eller ikkje…
Her er mannen…

Her er mannen… No har han byrja evangeliseringa (amerikansk metode). Stakkars stakkars oss. Det skal bli godt med to døger på tog etter dette.
Overnatting hjå ein karismatisk «reborn christian»

Heime hjå ein attfødd russisk kristen. Vi ende med å ta drosje i 20 minutt frå utkanten av Novosibirsk. Ikkje akkurat sentrum med andre ord. Fann blokka raskt, og her snakkar vi VERKELEG sovjetblokk.
Det største sjokket var ikkje standarden på leilegheita (sjølv om han er ille nok), men mannen i forkle og bar overkropp som opna døra.
Prøv å sjå for deg ein halvnaken tysk-russisk mann med oppsperra, halvgale auge, som skrik "welcome" til deg. Etter at han hadde ynskt velkomen åtte gongar, sette han på amerikansk hallelujamusikk på full guffe og byrja plapre av garde om alle dei artige tinga vi skal finne på saman i morgon. "Together". Grøss.
Nett no sit vi og planlegg korleis vi kan stikke av dersom han blir verre og meir evangeliserande. Håpar det går bra… Stakkars oss.
Reiseruta

Vidar stakkars skal reise frå Kirkenes og med buss til Murmansk (6,5 time), deretter fylgjer nesten to døger på tog til Moskva. Russland er stort… Eg flyr frå Oslo til Riga (og må overnatte seks timar på flyplassen for å få litt lågare pris…)

Vi blir eit par dagar i Moskva for å sjå på byen, og så legg vi av garde!
Etter utruleg mykje styr fekk vi tak i fantastiske Alexander Galaktionov på det russiske reisebyrået TSI (www.tsi.ru). Han fiksa billettar og ordna opphald for oss - om lag 10 000 kr billegare enn Kinareiser kunne fikse frå Noreg! Hurra for russiske prisar.
Planen til no:
Fredag 9. juni på kvelden - Vidar drar frå Murmansk og kjem fram 11. på morgonen.
Fredag 9. juni på kvelden – Erik drar frå Oslo med Air Baltic til Riga og vidare til Moskva. Kjem fram 10. på morgonen.
Måndag 12. juni – avreise frå Moskva til Nizjnij Novgorod, kjem fram 13. juni tidleg på morgonen.
Tysdag 13. juni på kvelden - Avreise etter nokre timar styrt-sightseeing i Nizjnij Novgorod til Jekaterinburg, den tredje største byen i Russland (etter Moskva og St. Petersburg). Kjem fram 14. juni.
Torsdag 15. juni på kvelden - Avreise frå Jekaterinburg til Novosibirsk. Kjem fram neste dag på kvelden.
Laurdag 17. juni på kvelden – Avreise frå Novosibirsk til Irkutsk (ja, det er eit land i Risk), kjem fram 19. juni på morgonen. Dette blir det lengste strekket på tog. Vi reiser vidare med elvebåt til Listvyanks ved Baikal-sjøen same dag, og blir der i to netter før vi drar attende dei sju mila til Irkutsk.
Onsdag 21. juni på kvelden – Avreise frå Irkutsk til Ulan Bataar, kjem fram 23. på morgonen.
Sundag 25. juni på morgonen – Avreise frå Ulan Bataar til Beijing. Kjem fram på ettermiddagen 26. juni.
Fredag 1. juli - Vidar drar heim til Noreg frå Beijing.
Torsdag 7. juli – Erik drar heim til Noreg frå Shanghai.
