
Herr og fru And likte temperaturen betre enn eg…
baikal's Arkiv
Bading i Baikalsjøen
Klesvask i badekaret

I går måtte vi berre få vaska alle kleda våre. To veker på tur gjer sitt… Problemet no er tørking. Det er skikkeleg blautt ute, så vi har rigga snorar inne. Tvilar litt på om vi får alt tørt…
Både Vidar og eg er forsåvidt vande med å ha blaute klede i bagasjen, men det er kanskje litt vanskelegare å få ting tørt på toget til Mongolia enn på eit norsk hotellrom?
Humpande i minibuss mot Baikalsjøen

Det verka som ein god idé å ta minibuss, billeg (22 kr for ein times busstur), kjapt og enkelt. Men det var det ikkje…
Dette er ein skikkeleg romperistetur med -5 cm beinplass og bagasjen oppå oss… No har vi heldigvis nærma oss sjøen litt!
Baikal er det største ferskvatnrepertoaret i verda etter polane. Sjøen er verkeleg gigantisk. Håpar vi får teke oss eit bad i morgon. Nett no er det ca 12 gradar, men det MÅ jo berre bli betre…
