Etter ein lang dag på toget er vi framme i det som dei russiske statsbanane kallar Sverdlovsk – eller Jekaterinburg som byen no heiter igjen (poeng til Torunn som vann dagens geografiprøve!).

Elles kan vi melde at Uralåsane (på kartet: Uralfjella) ikkje var mykje å skrive heim om; i alle fall ikkje meir enn dette. Nett no sit vi i ei drosje på veg til familien vi skal bu hjå. Vi har køyrd i sikkert 20 minutt, og sjåføren har heilt tydeleg ikkje peiling på kvar vi skal. Dette kan bli interessant…

Tips oss hvis dette innlegget er upassende