14.32 i går kom vi til Beijing. Toget var heile 2 min. forseinka etter ei veke på skjenene frå Moskva!
Så starta utfordringane:
1) få tak i yuan, 2) få tak i drosje og finn Monika på den norske ambassaden! I tillegg burde vi ha notert oss 3) unngå å bli lurt…
Problemet starta allereie ved nr 1. Ein mann berre avfeidde Erik ved minibanken og sende han inn. Då var det min tur å prøve meg, noko som var ei lett absurd oppleving. Ved minibanken stod det to soldatar i full mundur! ‘Nytt land, nye skikkar’ tenkte eg, og såg etter hjelp. Jodå, der kom det ein kar som sa at eg måtte berre gå inn! Eg så gjorde, men fekk ikkje ut pengar! Eg gjekk ut att lett skjelven og bleik, så fekk Erik prøve seg… Det gjekk lenge og lengre enn langt, så kom han ut. Med yuan. Soldatane var der pga påfylling av minibanken! Det klarde (eller prøvde) ingen å kommunisere til meg…
Så var det ut å finne drosje! Det var ikkje så vanskeleg. Det vanskelege var å finne ein sjåfør som skjøna kvar vi skulle! Vi skulle ringje ambassaden for å få dei til å forklare det – akkurat då tok sjølvsagt ingen telefonen, og Monika var på møte. Endeleg kom ei dame med ‘English Olympic Dictionary’ i handa. Inn i bilen og på med taksameteret. Trudde vi. Vel framme på ambassaden trykte ho på ein knapp, og vips: 147 yuan å betale. Der gløymde vi utfordring nr 3…

Ingen kommentarer In " Endeleg i Kina! "
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. Tilbakesporings-URL
juni 27th 2006 at 6:48 am
Morsomt å følge reisen deres. God tur videre.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 27th 2006 at 7:37 am
Hei, gutar!
Eg fekk sms om bloggen, men i alt styret som har vore sidan den gongen, har eg heilt gløymt å fylgja med. No har eg lese meg fram til Kina, og det er ekstra morosamt for meg: Eg reiste jo same turen for 13 år sidan (hjelpe meg!). Både med transsibirske jernbanen og med tog heilt fram til Shanghai. Erik: Unn deg ein billett på noko anna enn fjerde klasse! Me reiste i ei krøtervogn der det taut kinesarar ut av alle dører og vindauge, det var 40 grader og doen var eit hol i golvet i eit rom fylt med uhumskheiter frå golv til tak, og turen tok 26 timar (Beijing-Shanghai). For så vidt ei spanande reise, men i ettertid: Eg ville spandert andre klasse!
Elles skal familien Haugan/Myklebust òg ut på ei stor reise: Me har fått tildelt ein liten gut frå Bolivia, og reiser på torsdag for å henta han!
Han heiter Julio César Arias (flott namn?), men det er mellombels. Han blir heitande Tørres Haugan Myklebust, og fyller tre år den 3. august. Dagen skal feirast i Santa Cruz de la Sierra, der han bur no. Opphaldet i Bolivia er nemleg på seks veker, så me kjem att fyrst den 10. august.
Eg har tenkt å laga hentereiseblogg, så om de vil fylgja oss på reisa, kan de sjå på lenka eg la inn over her.
God tur vidare, og nyt Kina!
Klem frå Hege (Erik og Mina helsar òg)
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 27th 2006 at 8:48 am
Bryt ned språkbarrierene og la dere ikke lure. God tur videre. Klem
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 27th 2006 at 6:11 pm
God tur videre og kom godt hjem!
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 28th 2006 at 8:45 am
Vi har blitt verkeleg spektakulaert lurt nokre gongar… Det verste var nok i gaar, daa ei dame skulle ha over 1500 kr for seks koppar te! Ha ha!
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 28th 2006 at 9:06 am
Hallo Høres ut til at det er nok utfordringer på turen. Kanskje ikke så morsomt der og da,men slikt dere kan le av når dere er vel hjemme igjen. God tur videre. Pass godt på dere selv. Skal hilse fra alle badeendene. Også en nyankommen med hår. Stor klem fra Claire (som bare skal møte trauste sørlendinger og gudbrandsdøler i sommer)
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 29th 2006 at 8:31 am
I drosjene lønner det seg å følge med på at de “vipper” takstameteret sitt når de begynner å kjøre. Den store majoriteten er svært ærlige av seg og ville aldri finne på å lure deg, det er nesten så en del av dem ikke tør å kjøre utlendinger fordi de er redde for å ikke gi dem den service de burde. Dersom du så skulle ende opp med å bli lurt, så må du peke og få dem til å forstå at du skriver ned “badge”-nummeret deres. Som oftest vil det gjøre at du får oppgitt riktig pris relativt fort
Hva minibanker angår, så er det greit å sikte på Bank of China, de får du alltid tatt ut penger fra. I Beijing er det etterhvert nok av andre banker som tar utenlandske kort i minibankene sine også, men dersom dere beveger dere ut av storbyene blir det verre. Da er BoC eneste utvei
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende