
Det vart ein tidleg start for oss i dag: Toget var framme 05:41 lokal tid, og regnet hølja ned. Det var såpass ille at vi venta nesten ein time på stasjonen før vi tok sjansen på å gå ut.
Hovudgrunnen til at vi stoppar i Irkutsk, er at det er eit land i spelet Risk. Eit land som eg, av ein eller annan grunn, alltid ender opp med å ha ti kanonar i. Med eit slikt nært og tett forhald til «landet», måtte vi jo stoppe!
Irkutsk er dobbelt så stor som Oslo, og er ein verkeleg sjarmerande by. Mange trehus, som ser ut akkurat som hus i gamle western-filmar. Biletet over er huset til ein av «desembristane» – dei som organiserte opprør mot tsaren i 1825. Desembristane vart forviste til Sibir, og vart pionerar innan utdanning og vitskap i dette området. Det er haugar av minnesmerke for desembristane over heile Sibir.
Seinare i dag skal vi vidare til Listvjanka, ein av landsbyane attmed Baikal-sjøen. Eg har lyst til å dra vidare til Olkhon-øya, men Vidar er litt skeptisk trur eg… Olkhon er ein av dei fem globale «polane» med sjaman-energi i fylgje Burjat-folket. Høyrast spanande ut!

7 kommentarer In " Irkutsk! "
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. Tilbakesporings-URL
juni 19th 2006 at 2:24 am
Har dere med en influensabefengt fugl på reisen?
Klarte ikke å la være å kommentere anngående risk. Jeg får nesten alltid utdelt Irkutsk eller et drøss med andre land i Asia jeg ikke kan uttale. Slik blir det nære bånd til
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 19th 2006 at 2:36 am
Ein maa ALLTID ha med badeand naar ein er paa tur, veit du
Ja, er vel om lag same forhaldet eg har til Irkutsk, trur eg. Er litt artig aa sitje paa nettkafe i byen, daa… He he
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 19th 2006 at 2:39 am
Har alltid lurt på om jeg skulle ta den turen engang. Er det svett, varmt og jævlig moro som jeg tror?
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 19th 2006 at 2:54 am
Hmm… er ikke sikker på om sjaman-energi er det du trenger, Erik. Hva med beroligende te i store mengder, evt. valium?
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 19th 2006 at 3:10 am
Kongegrunn til å stanse i Irkutsk, hah.
Og jeg likte anda, tenkte kanskje dere hadde den i forgrunnen på samtlige bilder fra reisa, men måtte skuffet innse at så ikke var tilfelle.
Er det likevel mulig å be om flere andebilder i framtida ? Heh =P
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 19th 2006 at 3:13 am
Vi har hundrevis av andebilete paa jobb. Ender i Los Angeles, San Fransisico, Rovaniemi, London, Oslo, Geneve, Trondheim m.m.
Om du ser godt etter, finn du fleire andebilete i bloggen, og det er meir i telefonen
Turen er ikkje det minste sveitt eller jaevleg. Nett no er det 12 gradar i Irkutsk, men det blir nok varmare. Var 36 her i foerre veke…
Og Tonje: Eg HAR faktisk klart aa sitje 1,5 doeger paa tog i eitt strekk til no, og det gjekk fint! Eg er stolt! Maatte springe opp og ned perrongen nokre gongar paa stoppane, men elles gjekk det fint
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 21st 2006 at 11:51 am
Irkutsk dobbelt så stor som Oslo? Ikke i folketall, ca 595.000.
Men nyt turen, gutter! Vi reiste med “transer’n” i forfjor, samme rute som dere, og hadde det helt fantastisk!
Husk å gå av i Ulan Ude og se på verdens største Leninhode på torget der!
Og lykke til med grensepasseringene. Ti-tolv timer uten mat, vann og do, yesssssssssss.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende