
Vidar stakkars skal reise frå Kirkenes og med buss til Murmansk (6,5 time), deretter fylgjer nesten to døger på tog til Moskva. Russland er stort… Eg flyr frå Oslo til Riga (og må overnatte seks timar på flyplassen for å få litt lågare pris…)

Vi blir eit par dagar i Moskva for å sjå på byen, og så legg vi av garde!
Etter utruleg mykje styr fekk vi tak i fantastiske Alexander Galaktionov på det russiske reisebyrået TSI (www.tsi.ru). Han fiksa billettar og ordna opphald for oss - om lag 10 000 kr billegare enn Kinareiser kunne fikse frå Noreg! Hurra for russiske prisar.
Planen til no:
Fredag 9. juni på kvelden - Vidar drar frå Murmansk og kjem fram 11. på morgonen.
Fredag 9. juni på kvelden – Erik drar frå Oslo med Air Baltic til Riga og vidare til Moskva. Kjem fram 10. på morgonen.
Måndag 12. juni – avreise frå Moskva til Nizjnij Novgorod, kjem fram 13. juni tidleg på morgonen.
Tysdag 13. juni på kvelden - Avreise etter nokre timar styrt-sightseeing i Nizjnij Novgorod til Jekaterinburg, den tredje største byen i Russland (etter Moskva og St. Petersburg). Kjem fram 14. juni.
Torsdag 15. juni på kvelden - Avreise frå Jekaterinburg til Novosibirsk. Kjem fram neste dag på kvelden.
Laurdag 17. juni på kvelden – Avreise frå Novosibirsk til Irkutsk (ja, det er eit land i Risk), kjem fram 19. juni på morgonen. Dette blir det lengste strekket på tog. Vi reiser vidare med elvebåt til Listvyanks ved Baikal-sjøen same dag, og blir der i to netter før vi drar attende dei sju mila til Irkutsk.
Onsdag 21. juni på kvelden – Avreise frå Irkutsk til Ulan Bataar, kjem fram 23. på morgonen.
Sundag 25. juni på morgonen – Avreise frå Ulan Bataar til Beijing. Kjem fram på ettermiddagen 26. juni.
Fredag 1. juli - Vidar drar heim til Noreg frå Beijing.
Torsdag 7. juli – Erik drar heim til Noreg frå Shanghai.

5 kommentarer In " Reiseruta "
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. Tilbakesporings-URL
juni 3rd 2006 at 11:22 pm
En kompis og jeg skal på en måte gjøre det samme som dere, bortsett fra at vi skal kjøpe bil i Murmansk og kjøre til Beijing… forhåpentligvis får vi også lagd oss en lignende blog. Men vi tør ikke å dra før til neste år, for da har kompisen min fått 1,5 år med russisk på universitetet =)
Men dette ser ut som en kul tur og jeg håper dere legger ut bilder og historier om alle rare og interessante folk dere møter!
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 3rd 2006 at 11:34 pm
Eg vil berre understreke at det slett ikkje er synd på meg som reiser med buss til Murmansk og tog til Moskva – eg elskar å reise med tog, så 40 timar til gjer meg inkje!
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 4th 2006 at 11:52 am
Kjøpe bil i Murmansk er endå tøffare! Med litt betre tid og litt betre russisk-kunnskapar, hadde eg nok likt den varianten betre
Eg er litt spent på teknikken under denne turen. GPRS- og MMS-dekkjinga er ikkje så god i Russland, Mongolia og Kina…
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 7th 2006 at 8:13 am
Heisann!
Søstra til Vidar her.Dette høres kjempespennende ut!Gleder meg til å følge med på turen deres:)
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 9th 2006 at 7:04 pm
Ka farsken guta ka de held på me?
Hut døkk heim i eitt støkke førr utlendingan kjem og tar døkk!
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende