Då var den store transsibirske reisa avslutta, Vidar er i Trondheim og eg attende på jobb i Oslo. Takk til alle som fylgde med på bloggen (totalt 40.000 sidevisningar!) og alle hyggelege tilbakemeldingar!
Kjapptitt på Wien!

Desse flya mine korresponderer dårleg: på veg til Moskva måtte eg vente seks timar i Riga, og på veg til Oslo må eg vente fem timar i Wien. Det er akkurat nok til ein kjapptitt på byen. Har faktisk aldri vore her før!
Konklusjonen så langt er at det er inmari mange gamle hus og trange gater… Om du ser nøye på biletet ser du at det er store nyheiter på andefronten òg; meir om dét når eg kjem heim!
Morgongymnastikk i parken
Klokka er halv sju og eg er på veg til flyplassen. Sto opp kl 4 i dag tidleg for å rusle rundt i Fredsparken her i Shanghai og sjå på morgongymnastikken.
Byrjar forstå kvifor kinesiske gamlingar er så spreke: Det var minst tusen menneske i parken – dei fleste over 60 – som dreiv med ulike øvingar. Nokre med meditasjon, nokre med badmington og andre ballspel; men dei fleste driv rett og slett på med ein slags "trim for eldre" i store grupper. Mykje strekk og tøy, hopping, roping og nokre snodige øvingar der dei dreiv og gnukka seg inntil tre! Tenk om alle norske pensjonistar hadde starta dagen med ein time gym!
Etterpå åt eg kinesisk frukost. Fekk tilbod om frosk no òg, men ende med brød og nudlar saman med ein gjeng unge gutar. Det går faktisk an å få prata ein del med folk berre ein har med seg ordbok (igjen: takk til Henrik for lån av ordbok!).
Skal det vere ein 30 cm lang frosk til middag?
Sit på restaurant no og prøver å få i meg litt mat. Tok meg kanskje litt for mykje vatn over hovudet då eg gjekk inn her: kinesisk fiskerestaurant i ei bakgate. Ikkje eit einaste vestleg menneske å sjå, korkje inne eller ute.
Menyen er på kinesisk, men den eine kelnaren kan bittebittebittelitt engelsk. No har ho insistert i minst 10 minutt på at eg skal ete nokre gigantiske froskar som står i eit akvarium i hjørnet. Til no har eg nekta, og har prøvd å peike veldig hardt på ein snodig fisk med mange taggar som er i akvariet ved sidan av. Eg trur ho høyrde på meg, for ho kom tuslande bort til bordet med ein sprellande fisk i handa no for nokre få minutt sidan.
Maten er i alle fall fersk!
Siste: Andrine ikkje skuldig likevel!

Andrine ser tankefullt utover eit regntungt Shanghai frå The Bund.
Fantastisk nytt frå Kina i dag tidleg: Politiet har avslutta avhøyra av Andrine, og har konkludert med at det ikkje har skjedd noko straffbart. Tiltalen er trekt attende, og Andrine er ute av fengselet.
- Eg er utruleg glad for at politiet endeleg trudde på meg, seier Andrine. Det har vore svært tøft for meg å leve med desse skuldingane på toppen av at eg har mista ein av dei endene eg bryr meg mest om i verda.
Andrine har fått attende pass og reisedokument, og seier at ho mest sannsynleg kjem til å dra til Shanghai så raskt som råd.
- Stemninga her i Beijing er ikkje særleg hyggeleg. Eg føler at svært mange dømde meg på førehand, og det er skrekkeleg sårande, småhulkar ho.
Politiet har førebels ikkje kome med ei offisiell forklaring på kva som skjedde, men det dreier seg truleg om ei personleg tragedie.
- Andrik og eg har hatt ein del problem i det siste, og det var mellom anna dette vi snakka om på Muren, er alt Andrine vil seie.
Redaksjonen reknar med å kome attende med meir nytt i denne oppsiktsvekkjande saka.
Kinesisk politi er effektivt, altså!
Kameraet mitt vart stole i går kveld, så i dag drog eg for å finne ein politistasjon. Det skulle vise seg å vere svært vanskeleg… Eg får rett og slett ikkje til å seie politi på kinesisk – eg seier heilt tydeleg noko anna, for folk har sendt meg i retning supermarknader heile tida… Kinesisk er tonembasert, og eg har nok bytta om eit tonem eller to…
Til slutt fann eg ein politimann i gata, og då vart det meir fart på sakene: eg klarte å få kommunisert både "tjuv" og "politi" (takk til Henrik og ordboka hass!), og 30 sekund seinare stod det ein politibil med blålys ved sidan av meg! Eg vart køyrt direkte til nærmaste politistasjon, fekk snakke med ein politimann som kunne 20 ord engelsk på telefon, har fått tre dokument med store stempel og sit no i baksetet på ei drosje på veg til turistpolitiet!
Det er kanskje ikkje så overraskande at politiet funkar godt i eit land som Kina, men eg er no imponert for dét, eg!
Kinesiske gutar er søtare enn eg trudde!
Eg har alltid hatt ei slags førestelling om at kinesiske gutar kanskje ikkje var dei penaste i verda. Så langt er fordommane mine til dels stadfesta: Dei er låge, ikkje spesielt pene, dei lagar høge harkelydar og spyttar overalt; for ikkje å snakke om slafsinga (særleg ved nudel-eting…)
Men: Så! Var på ein homoplass på laurdag (det er berre éin i heile Beijing, ein by med 15-18 millionar innbyggjarar!), og då tok det heile seg betrakteleg opp! For det fyrste kom eg i prat med ein kinesar som faktisk var høgare enn meg (ja, han spelte basket…), og i tillegg var det faktisk ein god del pene gutar der òg (fekk ikkje sjekka nudeleteteknikken deira då…).
Moralen er, med andre ord: Det er pene gutar i heile verda, og homogutane er som regel dei penaste! Hurra!
Andrik er attende i Noreg

Det er litt uklårt korleis det faktisk skjedde, men kroppen til Andrik har dukka opp! I Noreg!
Det verkar som om dei kinesiske styresmaktene er litt meir effektive enn eg hadde trudd… Biletet er teke av Hege Øygaren, berre timar etter at kroppen kom heim.
Kinesiske prisar er noko for seg sjølv!
Prisnivået her er totalt uforståeleg: Vi åt middag på råflott kinesisk restaurant for eit par dagar sidan; pekingand med ein haug smårettar til om lag 70 kr per pers. Andre plassar kostar ein kopp vond kaffi 40-50 kr.
Det snodigaste er at det er ganske vanskeleg å sjå på staden om det er dyrt eller billeg.
Eg har ikkje fått sjåppa så mykje enno, anna enn filmar: gjekk berserk i videobutikken i går, og har kjøpt 60-70 DVD-ar… Dei kostar 7 kr stykket, så det er ikkje akkurat gigainvesteringar.
Heimferd for Vidar

Då er eg på veg til gamlelandet igjen etter tre hendingsrike veker på reisefot! Berre for å gjera det heilt klårt: det blir ikkje tog heim!!! Eller, no skal eg ikkje forlova meg, det blir tog frå Gardermoen til Skogn… I 9-tida laurdag morgon tenkjer eg at eg er der.
Som sagt, 3 veker på reisefot. Det er vanskeleg å seie kva som har vori best, så eg vil ta eit lite utval. Mongolia. Trass i (eller p.g.a…) mitt store fall var Mongolia kan hende det som eg kjem til å hugse best. Både døgeret i ger og opphaldet hjå familien i Ulaanbaatar var særs bra. Sjå dei på www.stepperiders.com. Nizjnij Novgorod var òg særs flott, med elvecruise på Volga som høgdepunktet.
No blir det vel ei veke i Trøndelag før eg vender nasen nordover igjen. Båe delar skal bli særs bra!
